HOTELL IVAR AASEN  HAREID HOTELL  SAGAFJORD HOTELL

Heilt Vilt weekend

17.-19. september 2010

I helga blir det "heilt vilt" på Sagafjord Hotell med mat frå haustens slakt både av lam og vilt - i tillegg blir det aktivitetar rundt i fjella og på flata som vil gjere deg svolten! Vi gledar oss til å sjå deg på Sæbø!

JAKT

List deg ilag med ein jeger….Sitt på post…Hysssjjjjjjj! Kjem der ein hjort på skothald, får du bli med på slakting også. Dette er ei heilt unik oppleving som du har moglegheit til å bli med på. Du bør vere i god fysisk form, og ha gode turkle og sko. Ta kontakt med jeger Dagfinn Hoem på 926 86 286 for meir informasjon om turutstyr og niste. Det blir jakta denne helga anten i Sledalen eller på Riise. Skal du bli med på morgonjakt må du opp før fugl skit på jord, og får de treff på kveldsposten kan du risikere å måtte dra kronhjorten med deg og kome heim ved midnatt. Oppmøte etter avtale på laurdag og søndag. Ta med kikkert. Maks 2 personar per jakttur. Kr. 500 per pers.

SAUESANKING

Bli med på sauesanking! Ein heilt nødvendig tradisjon som for dei fleste av oss er ein eksotisk aktivitet. Har det vore tørt i veret er sauene lette i kroppen og spring lett frå deg – tru det eller ei! Gode sko og turkle er eit must. Niste og drikke er godt å ha. Det blir sanking av sauane til Odd Bjarne Bjørdal i Kvanndalen. Oppmøte på sætra i Kvanndalen laurdag kl. 10, det går bilveg heilt fram til sætra. Det blir båt over Kvanndalsvatnet og sanking av sauane på veg tilbake til sætra. Maks 6 personar på grunn av båtkapasitet. Kr. 250 per pers.

OPE FJØS

Det blir Ope Fjøs hjå Sæbø Storfe på Riise. Knut opnar opp loftet, der du har panoramautsikt over kutrafikken i etasjen under. I eit moderne fjøs føregår både mjølking og fòring automatisk. Sjå kalvar, oksar og kyr anno 2010! Oppmøte laurdag kl. 12. Kr. 50 per pers, born halv pris.

Påmelding til toril@regius.no eller på mobil 911 42 434.


VELKOMEN TIL EVENTYRLEGE SAGAFJORD HOTELL

Sagafjord Hotell ligg vakkert til ved Hjørundfjorden og med dei mektige fjella i Sunnmørsalpane som ramme ikring.

Plasseringa midt i fjord- og fjellandskapet som National Geographic i 2004 og 2009 kåra til verdas fremste reisemål, gjer Sagafjord Hotell til eit perfekt utgangspunkt for naturopplevingar som fjellturar, klatring, skiturar, kiting, seiling, kajakk-padling og fisking.

Hotellet er utforma som eit bygdetun med 8 frittståande bygningar - alle i tradisjonell og historisk byggeskikk. Her er store fellesareal både inne og ute for sosialisering med andre, men også høve til å stikke seg bort og finna roa med ei god bok eller nyte den spektakulære utsikta mot fjord og fjell.

Sagafjord Hotell er kjend for eit godt kjøkken med mykje bruk av lokale råvarer av høg kvalitet.

Enten du brukar Sagafjord Hotell som utgangspunkt for ferien din eller som treffstad for møter, kurs og konferansar, vil hotellet og naturen garantere deg storslåtte opplevingar.